Her er Come Sunday på nettet!
Hei!
Så fint at du tok turen innom!
Come Sunday er ei gruppe frå Nordhordland, ei perle på vestkysten av Norge. Me likar mykje forskjellig musikk, spesielt viss den på ein eller annan måte har ein touch av jazz. I dag er me seks musikarar; vokal, slagverk, bass, tangentar, gitar og saksofon.
Come Sunday sin historie startar hausten 2005 då Roald og Trond møttest på ein konsert på Ostereidet. Det blei litt prat etter konserten, og seinare nokre treff for å øva og eksperimentera. Hausten 2006 blei Cecilie med på vokal, noko som utvida spekteret veldig. I september 2007 fekk me
invitasjon til Strilajazzen og følte då at me trong forsterkningar. Enden på visa var at me plutselig hadde tre nye medlemer; Jarle, Ivar og Torleiv. Det var også då me fekk navnet på bandet.
Come Sunday tar forskjellige typar oppdrag. Me speler helst som fullt band, men også gjerne slik me gjorde tidlegare med piano, vokal og/eller saksofon. Ta gjerne kontakt med oss viss du har ein forespørsel. Og surf gjerne rundt på nettsida vår, sjå litt på bilda og kva låtar me spelar. Og framfor alt; skriv i gjesteboka ;-)
Ser deg kanskje på neste konsert...?
Helsing gjengen i Come Sunday


